Apostelgjerningane 13:9-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Då vart Saulus, som òg heitte Paulus, fylt av Den heilage ande. Han såg trollmannen i auga

10. og sa: «Du djevelens son, full av allslags svik og vondskap og fiende av all rettferd! Skal du aldri halda opp med å gjera Herrens beine vegar krokete?

11. Sjå, no legg Herren si hand på deg: Du skal vera blind ei tid og ikkje sjå sola.» I same stunda fall det skodde og mørker over han, og han famla rundt og leita etter nokon som kunne leia han.

12. Då guvernøren såg det som hadde hendt, undra han seg storleg over Herrens lære og kom til tru.

13. Så segla dei frå Pafos, Paulus og dei som var med han, og kom til Perge i Pamfylia. Der skilde Johannes lag med dei og drog tilbake til Jerusalem.

14. Dei andre drog vidare frå Perge og kom til Antiokia ved Pisidia. På sabbatsdagen gjekk dei inn i synagogen og sette seg.

Apostelgjerningane 13