Apostelgjerningane 13:1-3 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. I Antiokia, i forsamlinga som fanst der, var det nokre profetar og lærarar. Der var Barnabas og Simeon, som dei kalla Niger, Lukius frå Kyréne, Manaen, fosterbror til landsfyrsten Herodes, og Saulus.

2. Ein gong medan dei feira gudsteneste for Herren og fasta, sa Den heilage ande: «Ta no ut Barnabas og Saulus for meg til den gjerning eg har kalla dei til.»

3. Då heldt dei faste og bøn, la hendene på dei og lét dei fara.

Apostelgjerningane 13