Apostelgjerningane 11:18-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Då dei høyrde det, tagna dei. Og dei lova Gud og sa: «Så har då Gud late heidningane òg få venda om til livet!»

19. Dei som no hadde vorte spreidde omkring på grunn av den forfølginga som tok til med Stefanus, kom heilt til Fønikia, Kypros og Antiokia. Men dei tala ikkje Ordet til andre enn jødar.

20. Mellom dei var det nokre menn frå Kypros og Kyréne. Då dei kom til Antiokia, forkynte dei evangeliet om Herren Jesus for dei gresktalande òg.

Apostelgjerningane 11