Amos 5:9-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Han som lèt øyding lyna over borga;øyding kjem over festninga.

10. Dei hatar den som hevdar retten i porten,og avskyr den som talar sant.

11. De trakkar småkårsfolk nedog krev korn i avgift av dei.Difor:De har bygd hus av hoggen stein,men skal ikkje få bu i dei.De har planta herlege vinmarker,men får ikkje drikka vinen.

12. For eg kjenner til dykkar mange brotog dei tallause syndene dykkar,de som forfølgjer rettferdige,tek stikkpengarog driv fattige vekk frå porten.

13. Difor teier den kloke i denne tida,for det er ei vond tid.

Amos 5