15. Hat det vonde og elsk det gode,hald retten høgt i porten!Så vil kanskje Herren, allhærs Gud,vera nådig mot resten av Josef.
16. Difor, så seier Herren,allhærs Gud, Herren:På alle torg skal det vera klage,i alle gater skal dei ropa: «Ve, ve!»Dei skal kalla på bonden til sorgog på folk som kan gråta, til klage.
17. På alle vinmarker blir det klagenår eg går fram mellom dykk,seier Herren.
18. Ve dykk som lengtar etter Herrens dag!Kva vil de med Herrens dag?Han er mørker og ikkje lys.
19. Han er lik ein mannsom rømmer frå løva og møter bjørnen.Og når han kjem heim og støttar handa til veggen,bit ormen han.
20. Ja, mørk er Herrens dag og ikkje lys,dyster og utan lysskin.
21. Eg foraktar, ja, hatar festane dykkar,høgtidssamlingane held eg ikkje ut.
22. For om de ber fram brennoffer eller grødeoffer,vil eg ikkje ha dei.Og fredsoffera dykkar med gjøkalvkjøtvil eg ikkje sjå.
23. Fri meg frå dei ståkande songane dine,eg vil ikkje høyra på harpespel!
24. Lat rett vella fram som vatnog rettferd lik bekker som alltid strøymer.
25. Bar de fram for meg slaktoffer og grødeofferdei førti åra i ørkenen, Israels hus?
26. Og bar de på Sakkut, kongen dykkar,og Kevan, gudestjerna,bileta som de har laga?