1. Høyr dette ordet, Israels hus,ei likklage som eg stemmer i om dykk.
2. Ho er fallen, ho reiser seg aldri meir,jomfru Israel.Ho ligg forlaten på eiga jord,ingen reiser henne opp.
3. For så seier Herren Gud:Den byen som dreg ut med tusen mann,får hundre att,og den som dreg ut med hundre,får ti atti Israels hus.
4. For så seier Herren til Israels hus:Søk meg, så skal de leva!
5. Søk ikkje til Betel,gå ikkje til Gilgal,far ikkje til Beer-Sjeba.For Gilgal skal drivast i eksil,og Betel skal bli til inkjes.
6. Søk Herren, så skal de leva!Elles kjem han som eld over Josefs hus,han øyder,og det er ingen i Betel til å sløkkja.
7. Dei gjer retten til malurtog kastar rettferda til jorda.
8. Han som skapte Sjustjerna og Orion,han som gjer dødsskugge om til morgonog dagen til svarte natt,han som kallar på vatnet i havetog auser det ut over jorda, Herren er namnet hans.
9. Han som lèt øyding lyna over borga;øyding kjem over festninga.
10. Dei hatar den som hevdar retten i porten,og avskyr den som talar sant.
11. De trakkar småkårsfolk nedog krev korn i avgift av dei.Difor:De har bygd hus av hoggen stein,men skal ikkje få bu i dei.De har planta herlege vinmarker,men får ikkje drikka vinen.
12. For eg kjenner til dykkar mange brotog dei tallause syndene dykkar,de som forfølgjer rettferdige,tek stikkpengarog driv fattige vekk frå porten.