5. Mosebok 32:19-36 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Då Herren såg det, støytte han dei bort,for sønene og døtrene hans hadde krenkt han.

20. Han sa: Eg vil løyna andletet for deiog sjå korleis det går dei til slutt;for dei er ei vrangsnudd slekt,born utan truskap.

21. Dei gjorde meg sjalu med gudar som ikkje er gudar,med avgudar gjorde dei meg rasande.Så vil eg gjera dei sjalu med eit folk som ikkje er eit folk,med eit uvitug folkeslag gjer eg dei rasande.

22. For i min harme har eg tent ein eld,han brenn til djupaste dødsriket.Han øyder jorda og grøda hennarog set grunnvollen under fjella i brann.

23. Eg vil la ulukker hopa seg opp om deiog bruka opp pilene mine mot dei.

24. Kraftlause blir dei av svolt,tærest av pest og farleg sott.Eg sender mot dei ville dyr med skarpe tennerog giftige ormar som kryp i støvet.

25. Ute gjer sverdet barnlaus,inne drep redslabåde ung gut og jente,spedbarn og gråhåra mann.

26. Eg tenkte: «Eg skal knusa dei,viska ut minnet deira blant menneske.»

27. Men eg vart redd for at fiendane skulle krenkja meg,at motstandarane deira ville mistyda detog seia: «Vår eiga hand er lyft,det var ikkje Herren som gjorde alt dette.»

28. Dei er eit folk utan råd som duger,eit folk utan innsikt.

29. Var dei vise, skjøna dei detteog visste kvar det bar.

30. Korleis kan éin mann jaga tusenog to slå ti tusen på flukt,om ikkje deira fjell har selt deiog Herren har gjeve dei opp?

31. For deira berg er ikkje som vårt,det kan fiendane våre dømma om.

32. For vinstokken deira stammar frå Sodomaog frå terrassane i Gomorra.Druene deira er giftige,drueklasane beiske.

33. Slangegift er deira vin,eitrande gift frå ormar.

34. Men alt dette er gøymt hos meg,forsegla i mitt forrådskammer

35. til hemnens dag då gjengjeldinga kjem,då foten deira blir ustø.Ja, ulukkedagen nærmar seg,det som ventar dei, kjem snart.

36. Men Herren vil skaffa folket sitt rettog ha medkjensle med sine tenarar,for han ser at makta deira er borte,det er ute med både fange og fri.

5. Mosebok 32