5. Mosebok 14:10-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Men de skal ikkje eta noko av det som ikkje har finnar og skjel. Det skal de halda for ureint.

11. Alle reine fuglar kan de eta.

12. Men desse fuglane skal de ikkje eta: ørna, lammegribben og svartgribben,

13. glenten og alle slag falkar,

14. alle slag ramnar,

15. strutsen, ugla, måsen og alle slag haukar,

16. kattugla, hubroen og slørugla,

17. pelikanen, åtselgribben og skarven,

18. storken og alle slag hegrar, hærfuglen og flaggermusa.

19. Alle insekt som svermar, skal de halda for ureine. Dei må ikkje etast.

20. Men alle reine fuglar kan de eta.

21. De skal ikkje eta noko sjølvdaudt dyr. Det kan du gje til innflyttaren i byane dine så han kan eta det. Eller du kan selja det til ein framand. For du er eit heilagt folk for Herren din Gud.Du skal ikkje koka eit kje i mjølka frå mora.

5. Mosebok 14