19. De skal elska innflyttarane, for de var sjølve innflyttarar i Egypt.
20. Herren din Gud skal du frykta, og han skal du tena. Han skal du halda fast ved, og ved hans namn skal du sverja.
21. Han er din lovsong, og han er din Gud, som har gjort desse store og skremmande gjerningane for deg som du har sett med eigne auge.
22. Fedrane dine var sytti i talet då dei drog ned til Egypt. Men no har Herren din Gud gjort deg talrik som stjernene på himmelen.