5. Mosebok 10:16-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Så omskjer då hjartet dykkar og ver ikkje lenger så hardnakka!

17. For Herren dykkar Gud er Gud over alle gudar og Herre over alle herrar, den store, mektige og skremmande Gud som ikkje gjer skilnad på folk, og som ikkje lèt seg kjøpa.

18. Han gjer rett mot farlause og enkjer, og han elskar innflyttarane i landet, så han gjev dei mat og klede.

19. De skal elska innflyttarane, for de var sjølve innflyttarar i Egypt.

20. Herren din Gud skal du frykta, og han skal du tena. Han skal du halda fast ved, og ved hans namn skal du sverja.

21. Han er din lovsong, og han er din Gud, som har gjort desse store og skremmande gjerningane for deg som du har sett med eigne auge.

5. Mosebok 10