4. Mosebok 33:4-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Egyptarane heldt då på og gravla alle sine førstefødde, som Herren hadde slege i hel hos dei. Herren hadde òg halde dom over gudane deira.

5. Israelittane braut opp frå Ramses og slo leir i Sukkot.

6. Frå Sukkot braut dei opp og slo leir i Etam, som ligg i utkanten av ørkenen.

7. Frå Etam braut dei opp og tok ei anna lei mot Pi-Hahirot, som ligg midt imot Baal-Safon, og dei slo leir framfor Migdol.

8. Frå Pi-Hahirot braut dei opp og gjekk gjennom sjøen og inn i ørkenen. Så gjekk dei tre dagar gjennom Etam-ørkenen og slo leir i Mara.

9. Frå Mara braut dei opp og kom til Elim. I Elim var det tolv vasskjelder og sytti palmetre, og dei slo leir der.

10. Frå Elim braut dei opp og slo leir ved Sivsjøen.

4. Mosebok 33