30. Men dersom krigarane ikkje går over saman med dykk, skal dei få eigedom blant dykk i Kanaan-landet.»
31. Gad-sønene og Ruben-sønene svara: «Det Herren har sagt til tenarane dine, det skal vi gjera.
32. Vi skal dra over til Kanaan-landet, væpna til strid for Herren. Då får vi vår eigedom på denne sida av Jordan.»
33. Så lét Moses Gad-sønene, Ruben-sønene og halvparten av stammen til Manasse, son til Josef, få riket til amorittkongen Sihon og riket til Og, kongen i Basan. Dei fekk landet med byane der og dei landområda som grensa mot byane, landet omkring.
34. Gad-sønene bygde opp att Dibon, Atarot, Aroer,
35. Atrot-Sjofan, Jaser, Jogbeha,
36. Bet-Nimra og Bet-Haran, festningsbyar med kveer for småfeet.
37. Og Ruben-sønene bygde opp att Hesjbon, Elale, Kirjatajim,
38. Nebo, Baal-Meon og Sibma. Men namna vart endra. Dei gav nye namn til byane dei bygde.
39. Etterkomarane av Makir, son til Manasse, fór til Gilead, tok landet i eige og dreiv bort amorittane som budde der.
40. Og Moses gav Makir, son til Manasse, Gilead-landet, og han busette seg der.