12. Herren sa til Moses: «Stig opp på Abarim-fjellet og sjå det landet eg har gjeve israelittane.
13. Når du har sett det, skal du òg bli sameina med folket ditt, slik som Aron, bror din, før deg.
14. For de sette dykk opp mot mitt ord i Sin-ørkenen den gongen forsamlinga gjorde opprør. Då skulle de ha helga meg for auga på dei ved hjelp av vatnet.» – Det er Meriba-kjelda ved Kadesj i Sin-ørkenen.
15. Moses sa til Herren:
16. «Må Herren, som er Gud over livsanden i alt som er av kjøt og blod, setja ein mann over forsamlinga,
17. ein som kan gå føre dei når dei dreg ut og når dei vender heim att, ein som kan føra dei ut og føra dei tilbake, så Herrens forsamling ikkje skal vera som sauer utan gjetar.»
18. Då sa Herren til Moses: «Ta Josva, son til Nun, ein mann som det er ånd i, og legg handa di på han!
19. Før han fram for presten Elasar og for heile forsamlinga, og set han inn i tenesta medan dei ser på.