4. Mosebok 2:17-34 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Teltheilagdomen skal førast ut når levittleiren bryt opp; han er midt mellom dei andre leirane.Slik dei slår leir, skal dei bryta opp, kvar på sin plass og under sitt banner.

18. Efraim med sitt banner skal slå leir mot vest, hæravdeling for hæravdeling. Elisjama, son til Ammihud, er leiar for Efraim-sønene,

19. og 40 500 er mønstra i hæren hans.

20. Manasse-stammen skal slå leir ved sida av Efraim. Gamliel, son til Pedasur, er leiar for Manasse-sønene,

21. og 32 200 er mønstra i hæren hans.

22. Så kjem Benjamin-stammen. Abidan, son til Gidoni, er leiar for Benjamin-sønene,

23. og 35 400 er mønstra i hæren hans.

24. Dei som er mønstra i Efraim-leiren, er i alt 108 100, hæravdeling for hæravdeling. Desse skal bryta opp som nummer tre.

25. Dan-stammen med sitt banner skal slå leir mot nord, hæravdeling for hæravdeling. Ahieser, son til Ammisjaddai, er leiar for Dan-sønene,

26. og 62 700 er mønstra i hæren hans.

27. Asjer-stammen skal slå leir ved sida av. Pagiel, son til Okran, er leiar for Asjer-sønene,

28. og 41 500 er mønstra i hæren hans.

29. Så kjem Naftali-stammen. Ahira, son til Enan, er leiar for Naftali-sønene,

30. og 53 400 er mønstra i hæren hans.

31. Dei som er mønstra i Dan-hæren, er i alt 157 600. Desse skal bryta opp til slutt under sine banner.

32. Dette er dei israelittane som vart mønstra, familie for familie. Talet på dei som vart mønstra i leirane, hæravdeling for hæravdeling, var i alt 603 550.

33. Men levittane vart ikkje mønstra saman med dei andre israelittane, for dette hadde Herren pålagt Moses.

34. Israelittane gjorde alt Herren hadde pålagt han. Slik slo dei leir under sine banner, og slik braut dei opp, kvar einskild med si slekt og sin familie.

4. Mosebok 2