16. Kvar den som er ute på marka og rører ved ein som er fallen for sverd eller ein som har døydd på annan måte, eller rører ved eit menneskebein eller ei grav, skal vera urein i sju dagar.
17. Når dei vil reinsa den ureine, skal dei ta noko av oska etter syndofferet som er brent, ha henne opp i eit kar og slå friskt vatn over.
18. Ein mann som er rein, skal ta isop og dyppa i vatnet. Så skal han skvetta det på teltet, på alle tinga og menneska som var der, og på han som rørte ved eit bein eller ved ein som var drepen eller var død på annan måte, eller rørte ved ei grav.