31. Med det same han hadde sagt dette, rivna jorda under dei.
32. Jorda opna gapet og slukte både dei og bustaden deira, alle som heldt med Korah, og alt det dei eigde.
33. Dei og alle som høyrde dei til, fór levande ned til dødsriket. Jorda gøymde dei, og slik vart dei utrydda frå forsamlinga.
34. Alle israelittane som stod omkring dei, flykta då dei høyrde skriket deira. «Elles kan jorda sluka oss òg», sa dei.
35. Så fór det eld ut frå Herren og fortærte dei to hundre og femti mennene som bar fram røykjelse.
36. Då sa Herren til Moses:
37. Sei til presten Elasar, son til Aron, at han skal ta glopannene bort frå brannstaden, for dei er heilage, og spreia glørne vidt utover.
38. Av glopannene til desse syndarane som mista livet, skal du laga tynne, hamra plater til å kle altaret med. Fordi mennene bar dei fram for Herren, har dei vorte heilage. Det skal vera eit teikn for israelittane.