4. Mosebok 13:18-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Sjå korleis landet er, og om folket som bur der, er sterkt eller veikt, lite eller stort.

19. Korleis er landet dei bur i, er det godt eller dårleg? Kva slag byar held dei til i, er det teltleirar eller festningsbyar?

20. Og korleis er jorda, grøderik eller mager? Veks det tre der eller ikkje? Ver modige og ta med noko av førstegrøda i landet!» Det var tida for dei første druene.

21. Så tok dei av stad og utforska landet frå Sin-ørkenen til Rehob ved Lebo-Hamat.

22. Dei drog opp gjennom Negev og kom til Hebron. Der budde anakittane Ahiman, Sjesjai og Talmai. – Hebron var bygd sju år før Soan i Egypt.

4. Mosebok 13