4. Mosebok 12:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ein gong tok Mirjam og Aron til orde mot Moses på grunn av den kusjittiske kona hans; for han hadde teke seg ei kone frå Kusj.

2. Dei sa: «Er det berre Moses Herren har tala med? Har han ikkje tala med oss òg?» Dette høyrde Herren.

3. Men Moses var ein svært audmjuk mann, meir audmjuk enn noko anna menneske på jorda.

4. Brått sa Herren til Moses og til Aron og Mirjam: «Gå ut til teltheilagdomen, alle tre!» Alle tre gjekk ut.

5. Då steig Herren ned i ei skysøyle og stilte seg i opninga til teltet. Han kalla på Aron og Mirjam, og begge kom fram.

6. Så sa Herren:Høyr mine ord!Er det ein profet hos dykk?I syn gjev eg meg til kjenne for han,i draumar talar eg til han.

4. Mosebok 12