4. Mosebok 1:17-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Moses og Aron tok med seg desse mennene som var nemnde med namn.

18. Så kalla dei heile forsamlinga saman, den første dagen i den andre månaden. Alle som var tjue år eller meir, vart innførte i namnelister etter slekter og familiar, hovud for hovud.

19. Moses mønstra folket i Sinai-ørkenen, slik Herren hadde pålagt han.

20. Etterkomarane av Ruben, Israels førstefødde, vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart innskrivne, hovud for hovud.

21. 46 500 vart mønstra i Ruben-stammen.

22. Etterkomarane av Simon vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart mønstra, hovud for hovud.

4. Mosebok 1