1. På den åttande dagen kalla Moses til seg Aron og sønene hans og dei eldste i Israel.
2. Han sa til Aron: «Ta ein oksekalv til syndoffer og ein vêr til brennoffer, begge utan feil. Lei dei fram for Herrens andlet.
3. Sei så til israelittane: Ta ein geitebukk til syndoffer, ein kalv og eit lam til brennoffer, årsgamle og utan feil,
4. ein okse og ein vêr til fredsoffer som skal ofrast for Herrens andlet, og så eit grødeoffer med olje i. For i dag vil Herren syna seg for dykk.»
5. Dei tok med seg det som Moses hadde gjeve påbod om, fram til teltheilagdomen. Så steig heile forsamlinga fram og stod for Herrens andlet.
6. Då sa Moses: «Dette er det Herren har bode dykk å gjera, slik at Herrens herlegdom skal syna seg for dykk.»