3. Mosebok 25:28-33 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

28. Men får han ikkje råd til å kjøpa henne tilbake, skal jorda høyra kjøparen til heilt til frigjevingsåret. Men i frigjevingsåret blir ho fri, og då kan han koma tilbake til eigedomen sin.

29. Når nokon sel eit bustadhus i ein by med murar omkring, gjeld løysingsretten berre for ei tid. Han har rett til å løysa inn huset innan eitt år etter salet.

30. Men blir det ikkje innløyst før utgangen av året, skal huset som ligg i ein by med murar omkring, høyra kjøparen og etterkomarane hans til for all framtid. Det blir ikkje fritt i frigjevingsåret.

31. Men husa i landsbyar utan murar ikring skal reknast likt med jordene på landet. Dei kan løysast inn, og i frigjevingsåret blir dei frie.

32. Når det gjeld levittbyane, har levittane alltid løysingsrett til hus i byane som ligg på deira eigedom.

33. Om ein av levittane løyser inn det huset han har selt i byen der han har eigedom, blir det fritt i frigjevingsåret. For husa i dei byane som høyrer levittane til, er deira eigedom mellom israelittane.

3. Mosebok 25