3. Mosebok 18:24-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

24. Gjer dykk ikkje ureine med noko slikt! For dei folkeslaga som eg vil driva ut for dykk, har gjort seg ureine med alt dette.

25. Landet har vorte ureint. Eg straffa det for synda så landet spydde ut dei som budde der.

26. Men de skal halda forskriftene og lovene mine og ikkje gjera nokon av desse avskyelege gjerningane, anten de er fødde i landet eller er innflyttarar der.

27. For dei som budde i landet før dykk, gjorde alle desse avskyelege gjerningane, og landet vart ureint.

3. Mosebok 18