18. Du skal ikkje ta ei kvinne som medkone for syster si og kle henne naken, ikkje så lenge den andre er i live.
19. Når ei kvinne er urein med menstruasjon, skal du ikkje koma nær henne for å kle henne naken.
20. Du skal ikkje ha samleie med kona til ein landsmann og gjera deg urein ved henne.
21. Du skal ikkje gje nokon av borna dine over til Molok; du skal ikkje vanhelga namnet til din Gud. Eg er Herren.
22. Du skal ikkje liggja med ein mann som ein ligg med ei kvinne. Det er avskyeleg.