7. Gå ikkje bort frå inngangen til teltheilagdomen, for då kjem de til å døy! For Herrens salvingsolje er på dykk.» Dei gjorde som Moses sa.
8. Herren sa til Aron:
9. «Vin eller sterk drikk må du og sønene dine ikkje drikka når de går inn i teltheilagdomen, for då skal de døy. Dette er ei evig forskrift gjennom alle slekter
10. så de kan skilja mellom heilagt og ikkje heilagt, mellom ureint og reint,
11. og læra israelittane alle dei forskriftene som Herren har kunngjort for dei gjennom Moses.»
12. Moses sa til Aron og til Elasar og Itamar, dei sønene som var att: «Ta det grødeofferet som er att av Herrens gåveoffer, og et det usyra ved altaret! For høgheilagt er det.
13. De skal eta det på ein heilag stad. For det er den fastsette delen for deg og sønene dine av Herrens gåveoffer. Det har eg fått påbod om.