2. Timoteus 2:4-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Ingen soldat hefter seg med dei daglege gjeremål, for han vil gjera som hærføraren seier.

5. Og ein som driv idrett, må følgja reglane for å vinna sigerskransen.

6. Bonden som har hatt strevet, skal få først av grøda.

7. Tenk over det eg seier! For Herren skal gje deg innsikt i alt.

8. Kom Jesus Kristus i hug, han som vart reist opp frå dei døde og er av Davids ætt. Dette er mitt evangelium.

9. For det lid eg vondt, ja, for det er eg bunden i lenkjer som ein forbrytar. Men Guds ord er ikkje bunde!

10. Difor toler eg alt for dei utvalde, så dei òg skal vinna frelsa i Kristus Jesus og få evig herlegdom.

2. Timoteus 2