26. Då Joab kom ut att frå David, sende han bodberarar etter Abner og fekk han til å snu ved Sira-brønnen. Men det visste ikkje David.
27. Då Abner kom tilbake til Hebron, tok Joab han til sides i byporten for å få snakka med han i fred. Der stakk han Abner i magen og drap han for å hemna Asael, bror sin.
28. Sidan fekk David høyra om dette. Han sa: «Eg og kongedømet mitt er for alltid utan skuld for Herren i drapet på Abner, son til Ner.
29. Gjev hans blod må strøyma over Joabs hovud og over heile huset til far hans. Gjev det i Joabs slekt alltid må vera folk som lid av utflod eller hudsjukdom, menn som sit og spinn, som fell for sverd eller manglar mat.»
30. Joab og Abisjai, bror hans, drap Abner fordi han hadde slege i hel Asael, bror deira, i slaget ved Gibeon.
31. Så sa David til Joab og alle som var hos han: «Riv sund kleda, ta på dykk sekkestrie og hald sørgjehøgtid over Abner!» Kong David gjekk sjølv bak båra.
32. Dei gravla Abner i Hebron. Kongen gret høgt ved grava hans, og heile folket gret med.
33. Kongen stemde i ei likklage over Abner:Laut Abner døy slik ein dåre døyr?