2. Samuelsbok 21:9-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Han gav dei i hendene på gibeonittane, som drap dei oppe på fjellet for Herrens andlet. Slik kom dei av dage alle sju på ein gong. Dei vart drepne i dei første dagane av innhaustinga, tidleg i bygghausten.

10. Rispa, dotter av Ajja, tok sekkestrie og breidde ut på berget. På den vart ho sitjande frå kornskurden tok til og til regnet strøymde ned over dei døde frå himmelen. Ho såg til at fuglane under himmelen ikkje slo ned på dei om dagen, og at villdyra ikkje tok dei om natta.

11. Då David fekk høyra kva Rispa, dotter til Ajja, følgjekona til Saul, hadde gjort,

12. drog han av stad og henta knoklane av Saul og Jonatan, son hans, frå Jabesj i Gilead. Innbyggjarane der hadde i løynd teke lika bort frå torget i Bet-Sjean; der hadde filistrane hengt dei opp den dagen dei slo Saul på Gilboa.

13. David tok knoklane av Saul og Jonatan, son hans, derifrå; så samla dei saman knoklane av dei som hadde vorte drepne.

14. Dei gravla knoklane av Saul og Jonatan, son hans, i Sela i Benjamin, i grava til Kisj, far til Saul. Alt vart gjort slik kongen hadde sagt. Etter dette høyrde Gud bønene som igjen steig opp frå landet.

15. Endå ein gong braut det ut krig mellom filistrane og israelittane. David og mennene hans drog ned og kjempa mot filistrane. Men David vart trøytt og sliten.

16. Då tenkte Jisjbi-Benob, ein av etterkomarane av Rafa, å fella han. Jisjbi-Benob hadde eit bronsespyd som vog tre hundre sjekel, og han bar ei ny rustning.

17. Men Abisjai, son til Seruja, kom David til hjelp. Han slo filistaren i hel. Då svor Davids menn ein eid og sa: «Aldri meir skal du dra med oss ut i krigen. Du skal ikkje sløkkja Israels lampe.»

18. Sidan kom det til nye kampar med filistrane, ved Gob. Der felte husjitten Sibbekai ein mann som heitte Saf og var ein av etterkomarane av Rafa.

19. Endå ein gong kom det til slag med filistrane ved Gob, og Elhanan, son til Jaare-Orgim frå Betlehem, felte Goliat frå Gat, han som hadde eit spydskaft så tjukt som ein vevbom.

2. Samuelsbok 21