21. Då tok Abisjai, son til Seruja, til orde og sa: «Må ikkje Sjimi lata livet, han som har forbanna Herrens salva?»
22. Men David svara: «Kva har eg med dykk å gjera, Seruja-søner. Kvifor er de imot meg i dag? I dag skal ingen mann mista livet i Israel. For no veit eg at eg er konge over Israel.»
23. Så sa kongen til Sjimi: «Du skal ikkje døy.» Og det svor han på.
24. Mefibosjet, etterkomaren til Saul, var òg komen ned og ville møta kongen. Han hadde ikkje stelt føtene og ikkje stelt barten og ikkje vaska kleda frå den dagen kongen drog bort og til han kom trygt tilbake.
25. Då han kom frå Jerusalem og møtte kongen, sa kongen til han: «Kvifor vart du ikkje med meg, Mefibosjet?»
26. «Tenaren min narra meg, herre konge», svara han. «Eg bad han sala eselet mitt, så eg kunne ri på det og følgja kongen; du veit eg er halt.
27. I staden baktala han meg, herre konge. Men du er som ein Guds engel, herre konge. Gjer som du tykkjer best.
28. For heile huset til far min har ikkje fortent noko anna enn døden av deg, herre konge. Likevel har du sett tenaren din mellom dei som et ved ditt bord. Kva meir har eg då å krevja eller å klaga til kongen for?»
29. Kongen svara: «Du treng ikkje seia meir. Mitt ord er at du og Siba skal dela jordeigedomen.»
30. Då sa Mefibosjet til kongen: «Han kan gjerne få alt saman, sidan du er komen vel heim att, herre konge.»
31. Barsillai frå Gilead var komen ned frå Rogelim og hadde følgt kongen til Jordan. Der ville han ta avskil med han.
32. Barsillai var ein gammal mann, åtti år. Det var han som hadde sytt for mat og drikke til kongen i Mahanajim, for han var svært rik.
33. Kongen sa til Barsillai: «Ver med meg, så skal eg syta for deg hos meg i Jerusalem.»
34. Men Barsillai svara: «Eg har vel ikkje så mange dagar og år att å leva at eg skulle fara med kongen opp til Jerusalem?
35. Eg er no åtti år gammal. Kan eg lenger skilja mellom godt og vondt? Kan tenaren din kjenna smaken på det han et og drikk? Eg høyrer ikkje lenger røysta av songarar og songarinner. Kvifor skulle så tenaren din vera til bry for deg, herre konge?
36. Tenaren din vil følgja kongen eit lite stykke over Jordan. Kvifor skulle du løna meg så godt for det, konge?
37. Lat heller tenaren din fara heim att, så eg kan døy i min eigen by, der far min og mor mi har si grav. Men her er Kimham, tenaren din. Lat han få vera med deg, herre konge, og gjer med han som du synest.»
38. Då sa kongen: «Kimham kan vera med meg, og eg skal gjera med han som du synest. Alt du ønskjer, skal eg gjera for deg.»
39. Heile hæren sette over Jordan. Og då kongen var klar til å gå over, kyste han Barsillai til avskil og velsigna han. Så fór Barsillai heim att.
40. Kongen drog over til Gilgal, og Kimham var med han. Heile Juda-folket og halvparten av Israelsfolket følgde kongen over.
41. Men no kom alle israelittane til kongen og sa: «Kvifor har brørne våre, judearane, teke kongen og ført han og hans hus og alle Davids menn over Jordan?»