2. Samuelsbok 13:9-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Så tok ho panna og tømde dei ut framfor han. Men han ville ikkje eta. Amnon bad alle gå ut. Og då dei hadde gått,

10. sa han til Tamar: «Kom hit inn i soverommet med maten, så eg kan ta imot han av di eiga hand.» Tamar tok kakene ho hadde laga, og bar dei inn i rommet til Amnon, bror sin.

11. Men då ho rette dei til han så han kunne eta, tok han fatt i henne og sa: «Kom og ligg med meg, syster!»

12. Men ho svara: «Nei, bror! Krenk meg ikkje! Slikt gjer ein ikkje i Israel. Gjer ikkje ei slik skammeleg handling!

13. Kvar skulle vel eg gjera av meg med skamma mi? Og du, du vil bli rekna mellom dei skamlause i Israel. Tal heller med kongen, for han vil nok ikkje nekta deg å få meg.»

14. Men han ville ikkje høyra på henne. Han tok henne med makt, krenkte henne og låg med henne.

2. Samuelsbok 13