22. Herren sa til Moses:
23. Ta krydra balsam av beste slag: 500 sjekel flytande myrra, halvparten så mykje eller 250 sjekel velluktande kanel, 250 sjekel velluktande sukkerrøyr
24. og 500 sjekel kassia, alt etter vekta i heilagdomen, og dessutan ein hin olivenolje.
25. Av dette skal du laga ein heilag salvingsolje, ei velluktande blanding slik ein salveblandar gjer det. Ein heilag salvingsolje skal det vera.
26. Med den skal du salva teltheilagdomen, kista med vitnemålet,
27. bordet med alt som høyrer til, lysestaken med det som høyrer til, røykjelsesaltaret,
28. brennofferaltaret med alt som høyrer til, og fatet med understell.
29. Du skal helga dei så dei blir høgheilage. Kvar den som rører ved dei, blir heilag.
30. Og Aron og sønene hans skal du salva. Du skal helga dei til å gjera presteteneste for meg.
31. Og du skal seia til israelittane: Dette skal vera min heilage salvingsolje i slekt etter slekt.
32. Han må ikkje hellast på kroppen til noko anna menneske, og de må ikkje laga nokon annan salve som er blanda slik. Heilag er han, og heilag skal han vera for dykk.
33. Den som lagar ei slik blanding og gjev henne til ein som ikkje er vigd, skal støytast ut frå folket sitt.
34. Herren sa til Moses: Ta deg velluktande røykjelsesstoff, balsamdropar, myrraolje, gummiharpiks og rein virak. Det skal vera like mykje av kvart.
35. Av det skal du laga blanda røykjelse, slik ein salveblandar gjer det, salta og rein og heilag.