6. olje til lampene, krydra balsam til salvingsoljen og til den velluktande røykjelsen,
7. onyks-stein og andre steinar til å setja på efod-drakta og bryststykket.
8. Lat dei reisa ein heilagdom for meg, så vil eg bu midt iblant dei.
9. Denne bustaden og alt det som høyrer til i han, skal de laga nøyaktig etter den modellen eg viser deg.
10. De skal laga ei kiste av akasietre, to og ei halv alen lang, ei og ei halv alen brei og ei og ei halv alen høg.
11. Du skal kle henne med reint gull både innvendig og utvendig og laga ein gullkant rundt henne.
12. Du skal støypa fire gullringar og festa dei i dei fire hjørna, to ringar på den eine sida og to ringar på den andre sida.
13. Du skal laga berestenger av akasietre og kle dei med gull,
14. og stikka stengene inn i ringane på begge sider slik at de kan bera kista med dei.
15. Stengene skal alltid vera i ringane på kista; dei må aldri takast ut.
16. I kista skal du leggja vitnemålet som eg vil gje deg.
17. Du skal laga ein soningsstad av reint gull, to og ei halv alen lang og ei og ei halv alen brei.
18. På kvar side av soningsstaden skal du laga to kjerubar av hamra gull,
19. ein kjerub på den eine sida og ein kjerub på den andre sida. De skal laga dei slik at dei går i eitt med soningsstaden i begge endar.
20. Kjerubane skal lyfta vengene og breia dei utover slik at dei dekkjer soningsstaden. Kjerubane skal vera vende mot kvarandre, med andletet mot soningsstaden.
21. Så skal du leggja soningsstaden som lok på kista, og i kista skal du leggja vitnemålet eg skal gje deg.
22. Der vil eg møta deg. Alt det eg pålegg deg å seia til israelittane, vil eg seia deg frå soningsstaden mellom dei to kjerubane som er over kista med vitnemålet.
23. Du skal laga eit bord av akasietre, to alner langt, ei alen breitt og ei og ei halv alen høgt.
24. Du skal kle det med reint gull og laga ein gullkant rundt det.