4. Då ropa Moses til Herren og sa: «Kva skal eg gjera med dette folket? Snart steinar dei meg!»
5. Herren sa til Moses: «Ta med deg nokre av dei eldste i Israel og gå føre folket. Og staven som du slo på Nilen med, skal du ta med deg når du går.
6. Sjå, eg skal stå framfor deg på berget ved Horeb. Når du slår på berget, skal det strøyma fram vatn, så folket får drikka.» Moses gjorde som Herren sa, framfor auga på dei eldste i Israel.
7. Han kalla staden Massa og Meriba. For der tretta israelittane, og der sette dei Herren på prøve då dei sa: «Er Herren iblant oss eller ikkje?»
8. Amalekittane kom og gjekk til kamp mot israelittane i Refidim.
9. Då sa Moses til Josva: «Vel ut nokre menn for oss, ta i veg og kjemp mot amalekittane! I morgon skal eg stå på toppen av høgda med Guds stav i handa.»
10. Josva gjorde som Moses sa, og kjempa mot amalekittane, medan Moses, Aron og Hur gjekk opp på toppen av høgda.
11. Då gjekk det slik til at så lenge Moses heldt handa i vêret, hadde israelittane overtaket, men så snart han lét handa siga, fekk amalekittane overtaket.
12. Men då Moses trøytna i hendene, fann dei ein stein som han sette seg på. Så støtta Aron og Hur hendene hans, ein på kvar side. Då var hendene hans støe heilt til sola gjekk ned.
13. Josva slo amalekittane og hæren deira ned med sverd.
14. Sidan sa Herren til Moses: «Skriv dette ned i ein bokrull som eit minne, og les det opp for Josva. For eg vil utsletta alt minne om amalekittane under himmelen.»