2. Krønikebok 9:19-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. På dei seks trappestega stod det tolv løver, seks på kvar side. Ein slik kongsstol har aldri vore laga i noko anna kongerike.

20. Alle drikkekara til kong Salomo var av gull, og alt utstyret i Libanon-skoghuset var av reint gull. Sølv vart ikkje rekna for noko i Salomos dagar.

21. For kongen hadde skip som gjekk til Tarsis med nokre av mennene til Hiram. Ein gong kvart tredje år kom Tarsis-skipa heim, lasta med gull og sølv, elfenbein, apekattar og påfuglar.

22. Kong Salomo vart større enn alle kongane på jorda i rikdom og visdom.

23. Og alle kongane på jorda søkte til Salomo for å høyra den visdomen Gud hadde lagt ned i hjartet hans.

24. Kvart år kom dei med gåver til han, ting av sølv og gull, kapper, våpen, balsamoljar, hestar og muldyr.

2. Krønikebok 9