6. og Baalat og alle byane der Salomo hadde lagerhus, og alle dei byane der han hadde vognene og hestane sine. Han bygde òg alt han ønskte seg både i Jerusalem og i Libanon, i heile det riket han rådde over.
7. Framleis var det att i landet hetittar, amorittar, perisittar, hevittar og jebusittar, folk som ikkje høyrde Israel til.
8. Salomo la pliktarbeid på etterkomarane av desse folka, så mange som endå var att i landet fordi israelittane ikkje hadde gjort ende på dei. Slik har det vore til denne dag.
9. Men han sette ingen av israelittane til å gjera slavearbeid; dei var krigarar, offiserar, vognkommandantar og ryttarar.
10. Arbeidsformennene til kong Salomo var to hundre og femti i talet. Dei hadde tilsyn med arbeidsfolket.
11. Salomo førte dotter til farao frå Davidsbyen opp til det huset han hadde bygd for henne. Han sa: «Det skal ikkje bu noka kvinne i huset til David, Israels-kongen. For det er heilagt, sidan Herrens paktkiste er komen dit.»
12. Så ofra Salomo brennoffer til Herren på Herrens altar som han hadde bygd framfor forhallen.