2. Krønikebok 32:30-33 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

30. Det var Hiskia som tetta att det øvre utløpet av Gihon-kjelda og leidde vatnet nedover mot vest til Davidsbyen. I alt han tok seg føre, hadde Hiskia lukka med seg.

31. Slik var det òg den gongen det kom sendemenn frå stormennene i Babel. Dei var sende til han for å spørja om det underet som hadde hendt i landet den gongen Gud forlét han for å setja han på prøve og finna ut kva som budde i hjartet hans.

32. Det som elles er å seia om Hiskia og truskapen hans, det står skrive i syna til profeten Jesaja, son til Amos, og i boka om Juda- og Israels-kongane.

33. Hiskia gjekk til kvile hos fedrane sine. Dei gravla han i skråninga mellom gravene til Davids etterkomarar. Alle som budde i Juda og Jerusalem, viste han stor ære då han døydde. Manasse, son hans, vart konge etter han.

2. Krønikebok 32