2. Krønikebok 31:4-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Han sa òg at folket som budde i Jerusalem, skulle gje prestane og levittane den delen dei skulle ha, så dei kunne halda fast ved Herrens lov.

5. Då dette påbodet vart kjent, kom israelittane med førstegrøde i stor mengd, av korn og ny vin, fin olje og honning og av alt det dei elles dyrka på marka. Dei kom òg med rikeleg tiend av alt.

6. Dei israelittane og judearane som budde i Juda-byane, gav òg tiend av storfe og småfe, og dei kom med heilage gåver som var vigsla til Herren deira Gud. Dei bar dei fram og la dei i haug etter haug.

7. I den tredje månaden tok dei til å leggja opp haugane, og i den sjuande månaden var dei ferdige.

8. Då Hiskia og stormennene kom og fekk sjå haugane, velsigna dei Herren og Israel, folket hans.

9. Hiskia spurde seg for hos prestane og levittane om desse haugane.

2. Krønikebok 31