2. Krønikebok 3:6-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Han kledde tempelet med edle steinar for å gjera det vakkert, og gullet han brukte, var Parvajim-gull.

7. Han la gull på heile tempelet, både bjelkane, tersklane, veggene og dørene, og på veggene graverte han inn kjerubar.

8. Så laga han Det høgheilage. Det var tjue alner langt, like langt som breidda av tempelet, og tjue alner breitt. Han kledde det med seks hundre talentar fint gull.

9. Spikrane var av gull og vog femti sjekel. Loftsromma kledde han òg med gull.

10. I Det høgheilage laga han to utskorne kjerubar som vart dekte med gull.

2. Krønikebok 3