2. Krønikebok 29:11-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Ver no ikkje likesæle, sønene mine! For dykk har Herren valt ut til å stå for hans andlet og tena han, til å vera tenarane hans og brenna røykjelse.»

12. Då stod desse levittane fram: av Kehat-sønene Mahat, son til Amasai, og Joel, son til Asarja; av Merari-sønene Kisj, son til Abdi, og Asarja, son til Jehallelel; av Gersjon-sønene Joah, son til Simma, og Eden, son til Joah;

13. av Elisafan-sønene Sjimri og Je'uel; av Asaf-sønene Sakarja og Mattanja;

14. av Heman-sønene Jehuel og Sjimi; av Jedutun-sønene Sjemaja og Ussiel.

15. Då dei hadde samla brørne sine og helga seg, gjekk dei inn i Herrens hus for å reinsa det, som kongen hadde bode dei etter Herrens ord.

16. Så gjekk prestane inn i Herrens hus for å reinsa det. Alt ureint som dei fann i Herrens tempel, bar dei ut i føregarden. Der tok levittane imot det og førte det ut til Kedron-dalen.

17. Den første dagen i den første månaden tok dei til med vigslinga, og den åttande dagen var dei komne til Herrens forhall. Så helga dei tempelet i åtte dagar, og den sekstande dagen i den første månaden var dei ferdige.

18. Då gjekk dei inn til kong Hiskia og sa: «Vi har reinsa heile Herrens hus, brennofferaltaret med alt som høyrer til, og skodebrødsbordet med alt som høyrer til.

19. Vi har sett i stand og helga alt det utstyret som Ahas i si truløyse fjerna då han var konge. No står det på plass ved Herrens altar.»

2. Krønikebok 29