2. Krønikebok 26:6-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Ussia drog ut og gjekk til krig mot filistrane. Han reiv ned bymurane i Gat, Jabne og Asjdod. Sidan bygde han byar ved Asjdod og andre stader hos filistrane.

7. Gud hjelpte han mot filistrane, mot dei arabarane som budde i Gur-Baal, og mot me'unittane.

8. Ammonittane kom med gåver til Ussia, og gjetordet om han nådde heilt til Egypt; for han hadde vorte svært mektig.

9. Ussia bygde tårn i Jerusalem, på Hjørneporten og Dalporten og på murvinkelen. Slik gjorde han desse stadene sterke.

10. I ørkenen bygde han òg tårn og hogg ut mange brønnar, for han hadde stor buskap både i låglandet og på høgsletta. Dessutan hadde han bønder og vindyrkarar i fjella og i hagane; for han hadde hjarte for jorda.

11. Ussia hadde ein stridsfør hær, som drog ut i krig i avdelingar som var mønstra og talde av skrivaren Je'uel og tilsynsmannen Maaseja, under leiing av Hananja, ein av stormennene til kongen.

2. Krønikebok 26