2. Krønikebok 25:5-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Sidan samla Amasja judearane og stilte dei opp, familie for familie, under tusenmannsførarar og hundremannsførarar i heile Juda og Benjamin. Han mønstra alle som var tjue år eller meir, og fann at det var tre hundre tusen utvalde stridsføre menn som kunne bruka spyd og skjold.

6. Dessutan leigde han hundre tusen djerve krigarar frå Israel for hundre talentar sølv.

7. Då kom ein gudsmann til han og sa: «Konge, lat ikkje Israels-hæren dra med deg! For Herren er ikkje med israelittane, ikkje med nokon av Efraim-sønene.

8. Dra ut på eiga hand og gå modig i krigen! Elles vil Gud la deg falla for fienden. For Gud har makt både til å hjelpa og til å fella.»

9. Amasja spurde gudsmannen: «Kva så med dei hundre talentane som eg har gjeve til troppane frå Israel?» Gudsmannen svara: «Herren kan gje deg meir enn det!»

2. Krønikebok 25