2. Krønikebok 25:1-4 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Amasja var tjuefem år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tjueni år. Mor hans heitte Joaddan og var frå Jerusalem.

2. Han gjorde det som rett var i Herrens auge, men ikkje med eit heilt hjarte.

3. Så snart Amasja hadde sikra seg kongsmakta, drap han dei tenarane som hadde slege i hel far hans, kongen.

4. Men borna deira drap han ikkje. Han heldt seg til det som står skrive i lovboka til Moses, der Herren byd: Fedrar skal ikkje døy for borna, og born skal ikkje døy for fedrane. Kvar og ein skal døy for si eiga synd.

2. Krønikebok 25