35. Sidan allierte Josjafat, Juda-kongen, seg med Ahasja, Israels-kongen, han som var skuld i så mykje urett.
36. Han gjekk saman med han om å byggja skip som skulle gå til Tarsis. Dei bygde skipa i Esjon-Geber.
37. Då profeterte Elieser, son til Dodava frå Maresja, mot Josjafat og sa: «Fordi du har alliert deg med Ahasja, skal Herren øydeleggja verket ditt.» Skipa forliste, så dei kunne ikkje segla til Tarsis.