2. Krønikebok 20:2-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Det kom nokon og sa til Josjafat: «Det kjem ein stor styrke mot deg frå den andre sida av sjøen, frå Edom. Dei er alt i Haseson-Tamar» – det er En-Gedi.

3. Då vart Josjafat redd, og han vende seg til Herren for å spørja han til råds. Så ropa han ut ei faste over heile Juda.

4. Judearane samla seg og ville spørja Herren til råds. Frå alle Juda-byane kom dei for å be Herren om råd.

5. Josjafat steig fram i forsamlinga av folk frå Juda og Jerusalem, i Herrens hus, framfor den nye føregarden,

6. og sa: Herre, våre fedrars Gud!Det er du som er Gud i himmelen,og som rår over alle kongerika til folkeslaga!I di hand er makt og velde,og ingen kan stå seg mot deg.

7. Du, vår Gud,dreiv ut dei som budde i dette landetfor Israel, folket ditt,og du gav ætta til Abraham, venen din, landet for alltid.

8. Der busette dei seg,og der bygde dei ein heilagdom for namnet ditt og sa:

9. «Om noko vondt kjem over oss,sverd, straff, pest eller svolt,då vil vi gå fram for dette huset,for ditt andlet;for i dette huset bur namnet ditt.Vi vil ropa til deg i vår naud,og du vil høyra og frelsa.»

10. Sjå no på ammonittane, moabittaneog folket frå fjellandet Se'ir!Du lét ikkje israelittane trengja inn mellom deiden gongen dei kom frå Egypt;dei bøygde av og utrydda dei ikkje.

2. Krønikebok 20