2. Krønikebok 18:17-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Då sa Israels-kongen til Josjafat: «Var det ikkje det eg sa til deg? Han profeterer aldri noko godt om meg, berre vondt.»

18. Mika sa: Så høyr då Herrens ord! Eg såg Herren sitja på kongsstolen sin, og heile himmelhæren stod på høgre og venstre sida hans.

19. Då spurde Herren: «Kven vil lokka Ahab, Israels-kongen, så han fer opp mot Ramot i Gilead og fell der?» Ein svara så og ein annan så.

20. Då gjekk ei ånd fram, stilte seg for Herrens andlet og sa: «Eg skal lokka han.» «Korleis?» spurde Herren.

21. Ho svara: «Eg vil fara av stad og vera ei løgnarånd i munnen på alle profetane hans.» Då sa Herren: «Ja, du skal lokka han, og det skal lukkast for deg òg. Far av stad og gjer så!»

22. Så har då Herren lagt ei løgnarånd i munnen på desse profetane dine. Herren har varsla ulukke for deg.

23. Då gjekk Sidkia, son til Kenaana, bort og slo Mika på kinnet og sa: «Korleis har Herrens ande fare over frå meg for å tala gjennom deg?»

24. Mika svara: «Det skal du få sjå den dagen du flyktar frå rom til rom for å gøyma deg.»

2. Krønikebok 18