15. Så sette judearane i krigsropet. Då judearane ropa, lét Gud Jeroboam og heile Israel lida nederlag for Abia og judearane.
16. Israelittane rømde for judearane, og Gud gav dei over i deira hender.
17. Abia og hærfolket hans gav dei eit stort nederlag. Av Israels utvalde menn var det fem hundre tusen falne.
18. Slik vart israelittane audmjuka den gongen. Judearane var dei sterkaste, for dei sette si lit til Herren, sine fedrars Gud.
19. Abia forfølgde Jeroboam og tok nokre av byane hans: Betel med landsbyane som høyrde til, Jesjana med landsbyar og Efron med landsbyar.