1. No treng eg vel ikkje skriva til dykk om tenesta for dei heilage,
2. for eg veit kor villige de er. Her i Makedonia rosar eg dykk og seier at de i Akaia har vore klare sidan i fjor. Og iveren dykkar har inspirert mange.
3. No sender eg desse brørne til dykk, så det skal visa seg at det ikkje var tomme ord vi fór med når vi rosa dykk for dette, men at de er klare, som eg har sagt.
4. Eg vil ikkje at det skal koma nokon frå Makedonia saman med meg og finna at de ikkje er førebudde. For då ville heile tiltaket berre føra skam over oss – for ikkje å snakka om dykk!
5. Eg syntest difor eg var nøydd til å be brørne fara til dykk på førehand og i god tid samla inn den gåva som de har lova. Så kan ho liggja ferdig som ei velsigning og ikkje som ei gniargåve.