2. Korintar 1:8-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Vi vil ikkje, sysken, at de skal vera uvitande om alt det vonde vi måtte lida i Asia. Det var så tungt at det var meir enn vi kunne bera. Vi var til og med i tvil om vi kunne berga livet.

9. I tanken kjende vi oss alt som dødsdømde, slik at vi ikkje skulle stola på oss sjølve, men på Gud, som reiser opp dei døde.

10. Han berga oss frå den visse død, og han skal berga oss igjen. Til han har vi sett vår von, og han skal berga oss på nytt.

2. Korintar 1