1. Paulus, etter Guds vilje Kristi Jesu apostel, og Timoteus, vår bror, helsar Guds forsamling i Korint og alle dei heilage i heile Akaia:
2. Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!
3. Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, den Far som er rik på miskunn, vår Gud som gjev all trøyst.
4. Han trøystar oss i all vår naud, så vi kan trøysta dei som er i naud, med den trøyst som Gud trøystar oss med.
5. For liksom Kristi lidingar i rikt mål kjem over oss, blir vi òg i rikt mål trøysta ved Kristus.
6. Lid vi naud, er det for at de skal få trøyst og frelse. Blir vi trøysta, er det for at de skal få den trøysta som gjer dykk uthaldande i dei same lidingane som vi må gjennomlida.
7. Og vårt håp for dykk er fast. For vi veit at slik de deler lidingane med oss, deler de òg trøysta.