2. Kongebok 9:16-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Så steig Jehu opp i vogna si og køyrde til Jisreel, der Joram låg sjuk. Kongen i Juda, Ahasja, var komen dit ned; han ville sjå til Joram.

17. Då vaktmannen som stod oppi tårnet i Jisreel, fekk sjå Jehu koma med flokken sin, ropa han: «Eg ser ein heil flokk!» Joram svara: «Få tak i ein ryttar og send han for å møta dei; han skal spørja om dei kjem i fredeleg ærend.»

18. Ryttaren reid til møtes med dei og ropa: «Kongen spør: Kjem de i fredeleg ærend?» Jehu svara: «Kva skil det deg om vi kjem i fredeleg ærend? Snu om og følg etter meg!» Då sa vaktmannen frå: «Bodberaren har nådd fram til dei, men han kjem ikkje tilbake.»

19. Så sende kongen ein annan ryttar. Då han kom fram til dei, ropa han: «Kongen spør om de kjem i fredeleg ærend.» Jehu svara: «Kva skil det deg om vi kjem i fredeleg ærend? Snu om og følg etter meg!»

20. Vaktmannen melde: «Han har nådd fram til dei, men kjem ikkje att. Og dei køyrer som Jehu, son til Nimsji. Han køyrer som ein galen!»

21. Då sa Joram: «Spenn føre!» Og dei spente føre vogna hans. Så køyrde dei ut i kvar si vogn, Joram, kongen i Israel, og Ahasja, kongen i Juda. Dei køyrde mot Jehu og møtte han på den marka som hadde høyrt Nabot frå Jisreel til.

2. Kongebok 9