2. Kongebok 8:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ein dag sa Elisja til mor åt den guten han hadde vekt til live: «Bryt opp og dra bort, du og ditt hus! Slå deg ned der du kan. For Herren har kalla på hungersnauda. No kjem ho over landet i sju år.»

2. Kvinna braut opp og gjorde som gudsmannen sa: Ho drog av stad med heile sitt hus, og i sju år budde ho i filistarlandet.

3. Då sju år var gått, kom kvinna tilbake frå filistarlandet. Ho gjekk til kongen og trygla om å få att huset sitt og jorda si.

4. Kongen tala nett med Gehasi, tenaren til gudsmannen, og bad han fortelja om alt det store Elisja hadde gjort.

5. Og medan han fortalde kongen korleis profeten hadde vekt den døde guten til live, kom mor til guten. Ho trygla kongen om å få att huset sitt og jorda si. Då sa Gehasi: «Herre konge, dette er kvinna, og dette er son hennar, som Elisja vekte opp.»

2. Kongebok 8